Dagskort på villreinjakt - søknadsfrist 1. august

Aurland fjellstyre tilbyr dagskort på villreinjakt sesongen 2020. Det blir helde av 5 frie løyve til denne ordninga i år. Søknadsfrist 1.august, legg ved telefonnummer, kun innanbygdsbuande får tilbodet. Kvar jeger kan ha løyvet maks. 2 dagar i gongen. Det vil bli sett opp ei prioritert liste. Så set ein opp ein turnus der 5 jegrar får tilbod i gongen, viss det blir ei felling får 4 jegrar tilbod neste gong. Når alle på den prioriterte lista har fått ein tur, kan andre jegrar melda seg på, då er det fyrstemann til mølla.  Slik driv ein på til løyva er felt.

Pris 250.- kr. døgnet og prisen på fellingsløyvet ved felling.

Aurland Fjellstyre