Fangststatistikken for 2020

Fjellstyret har no lagt ut heile fangststatistikken for 2020 – både for garnfisket og sportsfisket. Samla fangst på garn og stong i statsallmenningen vart omlag 1309 kg. Av dette vart heile 1200 kilo (3372 fisk) teke på garn, og 109 kg (316 fisk) på stong. Samla fangst på stong er i realiteten noko større enn dette, sidan sportsfiskarar ikkje er pålagde å levera fangstoppgåve. Stongfisket i 2020 var berre tredjeparten så fangstgjevande som året før, då det vart innmeldt 971 fisk med samla vekt på 352 kg på stong. Årsaka til nedgangen er nokså opplagd: 2020 var ein sommar med uvanleg store snømengder som låg att etter vinteren. Dette gjorde at isen på mange fjellvatn vart liggjande til august, på nokre vatn heilt til slutten av månaden. Då var det lite att av fiskesesongen, og kaldt vatn gjev ofte dårleg fiskebet. Største fisk som er innmeld denne sesongen var 0,95 kg, teken på garn i Stemmerdalen av ungane i 3. og 4. klassen under fiskedagane som fjellstyret står for, i samarbeid med skulen. Største fiskane tekne på stong var på 0,7 kg, fiska i Hellenutvatnet og i eit vatn i Stemmerdalshalli. Me får vona på ein lang og fin fjellfiskesesong i 2021! Les fiskestatistikk for 2020.

Aurland Fjellstyre