Fiskestatistikken for 2019
Fjellstyret har no fått laga eit samandrag av innkomne fiskerapportar frå siste fiskesesong. Garnfisket i vatna i statsallmenningen tok seg opp noko frå året før – 1059 kg vart oppfiska, fordelt på 3097 fisk og 1379 garnnetter. Største fangstane på garn vart tekne i Vestredalsmagasinet (331 kg) og store Vargevatnet (236 kg). Nyhellermagasinet har derimot ein stor nedgang i høve til tidlegare år. Ein sesongfangst på 48 kg i dette vatnet er berre 10-20 % av det som har vore vanleg der. Mykje vegstenging grunna anleggsarbeid var truleg grunnen til nedgangen. Ivrige utanbygds fiskarar stod for mykje av fisket i Vestredals- og Vetlebotnvatnet, som i 2017 vart opna for utanbygds garnfiskarar.
Elles vart fangstane noko mindre på stong i 2019 enn året før; 352 kg i 2019 mot 720 kg året før. Største fisken var 1,1 kg, og teken i elva frå Namnlausvatnet. Sjå Fiskestatistikken for 2019.