Fjelloppsynet har tilsyn langs sperregjerde
Fjellstyret har inngått avtale med Miljødirektoratet/Statens Naturoppsyn om at fjelloppsynet skal ha tilsyn langs gjerdet som er oppsett for å for hindra at villrein trekkjer mellom sone 1 og sone 2 i Nordfjella, og elles med flokkar som nærmar seg fv. 50.
Avtalen gjeld fram til utgangen av april i år, med høve til vidareføring. Fjelloppsynet oppmodar om at folk som ser rein eller spor etter rein i områda langs vegen eller i nærleiken av gjerdet melder frå! Det er i alle si interesse at ein greier å halda dei to sonene skilde, med omsyn til smittesanering.