Fjellstyra fyller 100 år
Den fyrste fjellova, «Lov om utnytting av rettar og lunnende i statsallmenningane,» trødde i kraft den 12. mars 1920, og med den vart fjellstyra oppretta. Allmenningsretten er omhandla i dei aller eldste lovene me har, men bygdene si felles utnytting av allmenningane er endå eldre enn lovgjevinga. Framleis er statsallmenningane viktige for næring og busetnad i mange lokalsamfunn, og som rekreasjonsområde for fastbuande og tilreisande. Fjellstyra sitt fellesorgan – Norges fjellstyresamband – planlegg aktivitetar gjennom året. M.a. vil nokre heldige brukarar av fjellet kunna finna fjellstyra si 100-årsgåve til sommaren. Me kjem attende med meir om dette….