Forvaltingsplan for Aurland Statsallmenning
Fjellstyret har vedteke å setja i gang arbeid med å revidera forvaltingsplanen for statsallmenningane i Aurland. Gjeldande plan vart vedteken i 2016, og inneheld målsetjingar og retningsliner for fjellstyret si forvalting innan tema som jakt, fiske og jordbrukstilknytte rettar innan statsallmenningen, i tillegg til opplegg for oppsyn, hytter, informasjon og tilrettelegging. Arbeidet med revisjon av planen tek til no i mars, og fjellstyret tek sikte på å vedta ein ferdig plan til hausten, etter ein høyringsrunde. Gjennom heile prosessen tek fjellstyret gjerne imot innspel frå brukarane av allmenningen, omkring alle tema som er nemnde ovanfor.
Her kan du lesa planen som vart vedteken i november 2016: Forvaltingsplan for Aurland statsallmenning 2016-2019