Garnfiske for alle i Aurland statsallmenning

Vestredalsmagasinet seilar opp som eit godt fiskevatn

Å fiska med garn etter fjellaure er flott og spanande matauk. Ein får stort sett fisk, og ofte mykje fisk. På den måten kan ein ha glede av mange fiskemiddagar utover vinteren. Men å fiska med garn i fjellet er ofte forbeholdt dei få. Er du så heldig å vera busett i ein kommune med statsallmenning, kan du kjøpa fiskekort for garn hjå fjellstyret. I Aurland tek bygdafolket opp årleg kring 1000 kg fjellaure med garn i statsallmenningane. Men kva med dei som ikkje er busett i ein kommune med statsallmenning? «I Aurland har me no ei tid forsøkt å gje også dei utanbygsbuande eit tilbod om garnfiske. Faktum er at i veldig mange vatn er det trong for meir garnfiske for å halde kvaliteten i vatna oppe», seier fjelloppsyn Håkon Øydvin. –«Me ser behov for å rekruttera nye garnfiskarar, både lokale og utanbygdsbuande». 

Håkon fisk.JPG

Tre vatn er opna opp for sal av garnkort til utanbygsbuande i Aurland statsallmennig. Vatna er lett tilgjengelege frå fylkesveg 50, Hol-Aurland. Spesielt i Vestredalsmagasinet, på grensa mellom Aurland og Hol kommunar, vert det stimulert til auka fiske. Her kan utanbygdsbuande kjøpa fiskekort med garn for ein billig penge. På kjøpet får ein også låna garn og båt. Det er også mogleg med motor på båten, men dette må fiskaren ordna sjølv. «Me ønskjer at utanbygdsbuande nyttar garn lånt av oss» seier Øydvin. «Dette for å redusera sjansen for å få inn uynskte organismar i vassdraga». Vatnet ligg langs vegen og er godt egna for dei fleste, også barnefamiliar. Sesongen startar når isen går og varer i grunnen nesten til isen legg seg igjen.

Tilrettelegging i Vestredalsmagasinet gir resultat

Vestredalsmagasinet har i mange år vore prega av liten, gamal og mager fisk. Aurland Fjellstyre organiserte tynningsfiske i om lag 5 år fram til 2012. I 2017 bygde fjellstyret ein tilkomstveg ned til vatnet frå parkeringa langs fylkesvegen. Dette for å gjera det enkelt å koma utpå med båt og garn. Seinare vart det også opna for sal av garnkort til utanbygdsbuande. «Dei siste to åra har me begynt å sjå resultat av innsatsen», seier Øydvin. Før vart det teke nokre ti-tals kilo med aure i vatnet. I 2019 vart det fiska heile 331 kg aure med garn. Meldingane so langt i år tydar på at kvaliteten på aura i vatnet er på veg opp og fisken som takast er ypparleg mat. Fisken er feitare, yngre og av god kvalitet. «Me er på god veg mot halvkilosfisk her, medan snittet enno ligg på kring 300 gram», seier Øydvin.

Vestredalsmag 4.JPG

Aurland fjellstyre håpar at ved systematisk tilrettelegging, og ikkje minst også ved å sleppa utanbygdsbuande garnfiskarar til, så vil Vestredalsmagasinet seila opp som eit «nytt» og godt fiskevatn – til glede for både lokale og utanbygdsbuande fiskarar.

Ta kontakt med Aurland Fjellstyre om du er interessert i å prøva garnfiske i Aurland.

Lukke til med årets garnfiskesesong!

Aurland Fjellstyre