Garnfiske i Aurland statsallmenning

Sommaren i fjellet kjem nok i år òg. Fjellstyret tilbyr sesongkort for garnfiske i statsallmenningen. Garnkortet dekkjer og fiske med stong og oter. Innanbygdsbuande får på dette kortet høve til å fiska med 5 garn i nær alle vatn i allmenningen. Utanbygds fiskarar får høve til å fiska med garn i Vetlebotnvatnet, Vestredals- og Katlamagasinet. Garnfiskekortet får ein kjøpt på fjellstyrekontoret, som er ope fast kvar torsdag framover. Du kan og få kortet tilsendt ved å betala inn på fjellstyret sin konto nr 3745 2000408 det kortet kostar (merk innbetalinga «garnkort»).  Sesongkort for 5 garn inkl. oter- og stongfiske i statsallmenningen kostar kr 470,-. Om du i tillegg ynskjer å ha tilgang til stongfiske i alle sonene i Aurland som vert omfatta av Aurlandskortet, er prisen kr 670,-. Leis meir detaljert om fiskereglar for Aurland statsallmenning.

Aurland Fjellstyre