Kreativ båtvøling

Då arkitekten i kontorlandskapet vårt på Fjordsenteret kom til Melahytta for å fiska i haust, var gode råd dyre. Båten ved hytta viste seg å ha fått seg ein trøkk under snøfonna, og hadde fått ei svær sprekke. Jarle og dottera stod i fare for ikkje å få ut garna. Fjellstyret nyttar høvet til å minna dei som brukar båt i fjellvatna våre seinhaustes om å passa på at båten har godt underlag heile vegen rundt når han vert snudd opp-ned før vinteren. Sjå bileta og les her om korleis båten vart vølt.

Aurland Fjellstyre