Minimumsteljing av rein i Nordfjella

Villreinutvalet hadde den 12. februar teljing av rein i sone 2 i Nordfjella, med hjelp frå oppsynspersonell frå Aurland og Hol. To mann med snøskuter leitte etter spor og flokkar på nordsida av Hallingskarvet, og to mann leitte på sørsida av Skarvet og vestover mot Ulvik og Aurland. Det vart funne tre flokkar – to på nordsida av Hallingskarvet og ein ved Omnsvatnet. Flokkane vart fotograferte, og talet på dyr er funne ut frå bileta. Resultatet vart 430 dyr, ein bra oppgang frå ei tilsvarande teljing for eit år sidan. Då var talet om lag 350. Dei siste åra har utvalet prøvt å gjennomføra teljingar utan bruk av fly, m.a. av kostnadsomsyn. Det vil då ofte verta meir usikre resultat, sidan ein ikkje får den oversikten over området som ein får med å bruka fly.

Flokk med 163 dyr ved Revufonnbotn. Foto: Olav Hammersbøen

Aurland Fjellstyre