Opna for samjakt over områdegrensene

Miljødirektoratet har i vedtak datert 5.9.18 opna for at fellingsløyve frå Nordfjella kan nyttast over grensa til Hardangervidda villreinområde i kommunane Ulvik og Aurland. Grunngjevinga er at det bør fellast fleire bukkar som tilhøyrer bestanden i Nordfjella sone 2, sjølv når desse har trekt over på sørsida av Bergensbana, med tanke på å få auka talet på prøver til analyse for CWD. I tråd med dette har fjellstyret vedteke å opna valdet som fjellstyret forvaltar sør for Myrdal, HA 28a Broksfjellet, for innanbygds jegerar med Nordfjellakort. NB: Berre bukkejakt! For avtale om jakt i tilgrensande privateigde vald; Kontakt aktuell grunneigar. 

Les heile fjellstyrevedtaket i sak 24/18, og Miljødirektoratet sitt vedtak om samjakt over områdegrensene.

Knutseggi.JPG
Aurland Fjellstyre