Opningstid på fjellstyrekontoret
Fjellstyrekontoret på Fjordsenteret har fast opningstid kvar torsdag kl. 12.00-17.00. Her vert det m.a. selt garnfiskekort. No kan ein og få kjøpt garnfiskekortet på Borlaug Sport.
Dagskort for reinjakt
Fjellstyret set av eitt fellingsløyve for fritt dyr som kan nyttast som dagskort for innanbygdsbuande jegerar. Prisen er kr 500 per dag ein har med kortet på jakt. Ved ev. felling betalar ein vanleg kortpris i tillegg. Søknad på dette kan sendast fjellstyret innan 15. juni.