Samanslåing av vald, høyring

Aurland har ein liten statsallmenning sør for Bergensbana; Broksfjellet ovanfor Myrdal, grensar mot Ulvik statsallmenning. Området er på 8.350 da, og utgjer eit villreinvald innanfor Hardangervidda villreinområde. Tre privateigde vald i Aurland ligg og sør for Bergensbana, to av desse grensar mot allmenningen. Til saman dekkjer valda området mellom Seltuft-/Klevavatnet og Upsete eit areal på nesten 31.000 da (av dette 28.025 da innanfor valda som er godkjende tidlegare). Gravhalstunnelen er nordgrense for Hardangervidda villreinområde. No er fjellstyret i ferd med å inngå avtale med dei valdansvarlege for desse tre privatvalda om å slå områda saman til eitt, felles vald. Hovudsiktemålet med samanslåinga er å få ut fellingsløyve på alt areal, også på det som no er "brøkrestar." Eit avtaleutkast vart handsama i fjellstyret den 13. februar, sak 7/19. Her vart det gjort følgjande vedtak:

Aurland fjellstyre godkjenner vedlagde kontrakt: «Avtale om samanslåing av valda på Aurland sin del av Hardangervidda til eitt vald.» Før endeleg vedtak om valdsamanslåing vert gjort, må uttale frå Aurland kommune liggja føre.

Fjellstyret tek sikte på å gjera endeleg vedtak i saka i møte den 20. mars. Om nokon har merknader til saka, er det høve til å koma med innspel fram til denne datoen.

Les saksutgreiing til sak 7/19.

Aurland Fjellstyre