Strukturteljinga av rein avslutta for i år

Fjelloppsynet til Aurland fjellstyre har vore engasjert av villreinutvalet til å gjennomføra strukturteljinga av reinsstamma i Nordfjella, i samarbeid med eit par mann frå Hol fjelloppsyn. Det er brukt 8 dagsverk på jobben. I tillegg er 2 dagar nytta i Undredalsfjella, for å telja Raudafjellsflokken. Til saman i dei to villreinområda har ein strukturtalt 387 dyr, d.v.s. funne fordelinga på kjønn og alder i flokkane. Av dette vart 80 dyr vart funne i Raudafjellsflokken. Ein reknar med at det til saman skal finnast omlag 500 dyr i desse områda – det vil ein få betre oversikt over etter minimumsteljinga til vinteren. Spesielt i år var at nokre GPS-merkte bukkar farta mykje på i sone 2, medan hovudflokken, som var nesten utan storbukk, var sør for Bergensbana i brunstperioden. Me brukte ein del tid på å leita etter bukkeflokkane, og fann nokre til slutt. Det går fram av rapporten at talet på storbukk i Nordjella har vorte ytterlegare redusert sidan i fjor;  vaksen bukk (3 ½ år og eldre) utgjorde 4,2 % av totalen, mot 6 % i 2019. Til samanlikning rekna ein, før tiltaka knytt til skrantesjuka vart sette i verk, 15-16 % storbukk for å vera normalt i flokkane om hausten.

Les rapporten: Strukturteljinga i Nordfjella og Raudafjell.2020

Aurland Fjellstyre