Vellukka rypehelg i Aurlandsfjella

Helga 4.-6. oktober var det igjen duka for jentejakt i Aurlandsfjella. NJFF Sogn og Fjordane sin kvinnegruppe, i samarbeid med Aurland jakt- og fiskelag, inviterte til rypejakt med base på Steinbergdalshytta. Aurland fjellstyre stilte med øyremerka jaktkort til seks ivrige damer. Det var med lokalkjente guider frå både fjelloppsynet og Aurland jakt- og fiskelag. Solveig på Steinbergdalshytta stilte med varme rom, fortreffeleg mat og open badstove.

I spissen for arrangementet stod Marte Bergum Hansen frå Luster. «Det er viktig å skapa møteplassar med lågterskeltilbod for nye jegerar», seier Marte. «Det kan vera ein utfordring å koma i gong med jakt, sjølv om ein har teke jegerprøva. På slike turar kan ein få prøva seg som jeger, og få litt starthjelp. Ikkje alle har familie eller vener som driv med jakt». Det er heller ikkje flust med slike tilbod for kvinner og nybegynnarar, seier Marte. «Om ein har jakta før, er ein sjølvsagt også hjarteleg velkomen». I år var det 6 jenter, både lokale og langvegsfarande, som deltok. Dette er også ein fin arena for å møta nye menneskje og byggja litt nettverk kring interessa for jakt og friluftsliv.

Kvinnegruppa planlegg fleire arrangement for 2025. Marte kan røpa at det leggjast opp til hjortejakt i Naustdal neste september, havfiske i Ålesund i april, jentesamling i januar – og sjølvsagt ny rypehelg i Aurland statsallmenning. Målet er at litt fleire blir med på rypejakta neste gong, det er plass til 12 stykk. Så meld gjerne interessa di, om du kunne tenkja deg ei slik helg!

«Erfaringa frå rypehelg i Stemmerdalen er god, og opplegget får mykje skryt. Det er fine fjell å gå i og god hjelp frå lokalkjente guider» seier Marte. Alle fekk sjå rype i løpet av helga og to fine fjellryper vart det også i sekken! «Atmosfæren i Steinbergdalshytta er prikken over i’en», avsluttar Marte.



Aurland Fjellstyre