Dyregraver ved kraftlinetrasè
I samband med Statnett si høyring på miljø- og transportplan for den planlagde 420 kv-lina som skal byggjast mellom Vassbygdi og Sogndal, påpeikte fjellstyret i høyringsuttalen sin at kartlegginga av kulturminne i linjetrasèen var ufullstendig. Fjelloppsynet hadde kartlagt fleire fangstanlegg for rein enn dei som var avmerkte på kart i planen. For å retta opp dette og unngå at linjebygginga kjem i konflikt med kulturminne, vart det teke ei synfaring i slutten av august på strekninga Kletten-Erterhaug. I tillegg til ein frå fjelloppsynet, deltok to frå seksjon for kulturarv i Vestland fylkeskommune og ein frå Statnett si prosjektleiing. Det vart påvist 7-8 fangstminne som ikkje tidlegare var registrerte i Askeladden (offentleg database for kulturminne). Ei dyregrav ved Erterhaugvatnet ligg der Statnett hadde planlagt vinsjeplass. Det er i brev frå Fylkeskommunen til Statnett no påpeikt at denne må skjermast under linjearbeidet, som automatisk freda kulturminne.
Dronebilete av dyregrav med ledegjerde ved Erterhaug (foto Glenn Heine Orkelbog)