Over 2 tonn fjellaure fiska
Som ein kunne venta, ut frå lang sesong og gode temperaturar sist sommar, vart fiskefangsten betre enn på mange år. Fiskestatistikken for Aurland statsallmenning er no klar. På garn vart det fiska 1570 kg, fordelt på 24 vatn i allmenningen. 74 fiskarar har meldt inn fangst. Ikkje uventa ligg Nyhellermagasinet øvst på fangststatistikken, med 1010 kg fordelt på 2411 garnfanga fiskar. Andre vatn med bra garnfiske, var Holmavatnet med 141 kg og store Vargevatnet med 90 kg. Dei største fiskane denne sesongen vart likevel tekne på stong. Største fisken var 2,1 kg og teken på sluk i Nyhellermagasinet. Elles har sportsfiskarar meldt om fiskar frå 1,2 til 1,7 kg i Norddalsvatnet, Tissedalsvatnet, Kjeldhusnosvotni, småvatn ved Hundhus og i Stemmerdalen. Heile 451 kg (1123 fiskar) er innmeldt av sportsfiskarar, trass i at dei ikkje har pålegg om å melda inn fangst – berre ei sterk oppmoding frå fjellstyret.
Resultat av stongfiske i Aurland Statsallmenning. Foto: Thor Moe Lønning