Fellingsløyve for rein
Søknad om fellingsløyve for rein i Aurland statsallmenning må sendast fjellstyret seinast 1. juni. Alle som søkjer via e-post får svar med stadfesting av motteken søknad. Trekning mellom søkjarane skjer i fjellstyret sitt møte den 8. juni. Ved trekninga nyttar fjellstyret vanleg framgangsmåte; ein tek utgangspunkt i varamannslista frå i fjor, og trekkjer frå toppen av denne. Førstegongssøkjarar under 20 år vil likevel ha 1. prioritet. Det er og høve til å søkja på fellingsløyva som fjellstyret får tildelt på Broksfjellet, som ligg innanfor Hardangervidda villreinområde.