Frå prosjektmedarbeidar til fast tilsett

Etter 3,5 år med prosjektarbeid for fjellstyret har Aron Freyr Gudmundsson (46) no fått tilbod om fast tilsetjing i fjelloppsynet. Lovkrav som set ei grense for kor lenge ein arbeidstakar kan arbeida i prosjektstilling var noko av årsaka til at fjellstyret tok opp sak om tilsetjing i marsmøtet. Han Aron er opphaveleg islending, har teke utmarksutdanning her i landet, og har jobba innan ulike arbeidsfelt før han kom til Aurland i august 2017. Her har han i sommarsesongen m.a. vore ansvarleg for jordprøvetakinga som fjelloppsynet utfører for NINA på 30 salteplassar for sau rundt om i Nordfjella med siktmål å finna CWD-prion. Han har og hatt ein del av ansvaret for sauetilsynet i Stemmerdalen dei siste somrane. Vinterstid har tilsyn med reinsgjerdet langs fv 50 og trafikk av rein i dette området vore ei av arbeidsoppgåvene. Dette er ein jobb som fjelloppsynet utfører for SNO/Miljødirektoratet. Elles har han opparbeidd seg god kompetanse på digitalt kartarbeid, og driv m.a. med innlegging av valdkarta for hjort og elg i Aurland, Lærdal og Årdal for kommunen si viltforvalting. I desse dagar er han på flyttefot frå Bakkane til leigd hus i Klokkargarden, saman med sambuaren, An. Fjellstyret har no til saman 3,5 årsverk fordelt på 4 tilsette. Av dette er omlag 1,5 årsverk arbeid i statsallmenningen og administrasjon for fjellstyret, og 2 årsverk tenestesal til andre.

Aron Freyr Gudmundsson ved Alvsvatnet

Aron Freyr Gudmundsson ved Alvsvatnet

Aurland Fjellstyre