Fine fiskedagar for skuleklassar

I samsvar med partnarskapsavtalen som er inngått mellom fjellstyret og Aurland barne- og ungdomsskule vart det halde fiskedagar for fleire skuleklassar i august. Fjellstyret dekte busstransporten for klassane som var med. Det vart søkt om å få dekt m.a. kostnaden med transporten gjennom tilskot frå Miljødirektoratet, via Norges fjellstyresamband. På desse turane vert det trekt garn, fisken vert teken ut av garna og sløgd av elevane, og steikt på steinhelle over bål. Etter mange år med dette opplegget, som starta som eit tynningsfiske i ein tett fiskebestand, er no kvaliteten og storleiken på fisken i vatnet kjempefin. Opplegget til 7. klasse omfattar veging og måling av all fisk, og utrekning av K-faktor og skriving av rapport etter avslutta prøvefiske.

 Desse klassane var med:

24. august: 3.-4. klasse ABU. 18 elevar og 4 vaksne trekte garn i Stemmerdalen, fekk 12 fisk.

25. august: 1.-2. klasse ABU. 23 elevar og 4 vaksne fiska i Stemmerdalen, fekk 12 fisk.

26. august: Flåm skule, 1.-4.kl. 16 elevar og 2 vaksne fiska i Stemmerdalen, fekk 13 fisk.

31. august: 7. klasse ABU.  17 elevar og 2 vaksne prøvefiska i Vestredalsvatnet, fekk 23 fisk.

 Til saman 74 elevar og 12 vaksne var med på desse turane.

Aurland Fjellstyre