Vellukka rypejakthelg for jenter i Stemmerdalen

Kvinneutvalet til NJFF Sogn og Fjordane arrangerte rypejakthelg for jenter første helga i oktober, i samarbeid med Steinbergalshytta. Fjellstyret sette av inntil 10 jaktkort for utanbygds jegerar til samlinga, og stilte med Aron F. Gudmundsson frå fjelloppsynet som kjentmann. 6 jenter deltok, medrekna Heidi Ryum Marsh, som var lokal kontaktperson. Innhogget i bestanden vart ubetydeleg, sjølv om dei fleste som var med fekk sett fugl. Etter helga gjev deltakarane uttrykk for at dei var særs godt nøgde, og gjerne kjem att viss det vert eit liknande opplegg neste år.

Klar for rypejakt - Heidi Ryum Marsh (t.h.) og Anne Lise Nilsen med Felix.


Aurland Fjellstyre