Garnkort og Aurlandskortet for sesongen 2019
Aurlandskortet er eit felleskort som gjev høve til å fiska i 7 soner i fjellet, der Aurland statsallmenning er sone 1. Aurlandskortet (felleskortet) gjeld i utgangspunktet berre for stongfiske, dersom ikkje anna går fram av orienteringa om dei ulike sonene (i sone 1 - statsallmenningen - dekkar kortet og oterfiske).
Pris på Aurlandskortet (sesong): kr. 500,-
Fjellstyret har opna for garnfiske for utanbygdsbuande i tre vatn i allmenningen - sjå vedtak om prisar og opplegg for garnfiske for utanbygds fiskarar.
Innanbygdsbuande som kjøper Aurlandskortet (felleskortet) får utvida dette til og å omfatta garnfiske i statsallmenningen ved å betala eit tillegg på kr. 50 for det første garnet som kortet skal gjelda for, deretter kr. 30 pr. ekstra garn, inntil 5 garn. Døme: Du betalar for Aurlandskortet og vil i tillegg fiska med 5 garn i statsallmenningen. Då skal du betala kr. 500 + kr. 50 + 4 x 30,- = kr. 670.-
Garnfiskekortet får du kjøpt på fjellstyrekontoret. Betaling kan og gjerast i nettbank, så får du kortet tilsendt. For dei som ikkje ynskjer Aurlandskortet, men berre garnkort for statsallmenningen, er prisen slik (garnkortet dekkar og oter- og stongfiske):
1 garn: 350,- 2 garn: 380,- 3 garn: 410,- 4 garn: 440,- 5 garn: 470,-
Fiskereglar for statsallmenningen
Fiskereglane er sist reviderte i april 2017.
Fiskelag
Det er høve til å oppretta fiskelag med inntil 4 medlemar og ein samla garnkvote på 20 garn. Laget må få utskrive godkjenningsformular av fjellstyrekontoret. Ta kontakt dersom dette er aktuelt!
Tilrådde moskevidder i mm., garnfiske i Aurland statsallmenning
Vatn Tilrådd
Adamsvatn/ Langav. 35
Alvsvatnet 35
Berdalsvatn nedsta 29
Dyranosvatn nedsta 29
Grovjuvvatn nedsta 29
Grønebotnvatnet 35
Katlamagasinet 29 Opna for garnfiske for utanbygdsbuande, kontakt fjelloppsynet
Kvalryggvatnet 35
Mellomvatn nedste 35
Nyhellermagasinet 35
Storebotnvassdraget 26 Opna for garnfiske for utanbygdsbuande, garn i hytta.
Vargevatn stora 35
Vesterdalsmagasinet 29 Opna for garnfiske for utanbygdsbuande, kontakt fjelloppsynet
Vetlebotnvatnet 35 Opna for garnfiske for utanbygdsbuande, kontakt fjelloppsynet
I dei fleste vatna i Aurland statsallmenning er det 35 eller 39 mm som er tilrådd.
Opningstider på fjellstyrekontoret:
Frå og med torsdag 30. mai og ut september vert fjellstyrekontoret på Fjordsenteret ope kvar torsdag kl. 12.00-17.00. Det vil og vera folk på kontoret til ujamne tider utanom desse tidene.