Fellingsløyve for rein i Aurland statsallmenning
Søknadsfristen er 1. juni. Send gjerne søknad på e-post til fjellstyret. Alle som søkjer får svar med stadfesting av at søknaden er motteken. I tillegg til fellingsløyva i Nordfjella sone 2, får fjellstyret tildelt nokre fellingsløyve i området Broksfjellet, sør for Myrdal, som ligg i Hardangervidda villreinområde. Eigen søknad må sendast for desse. Fellingskvoten i Nordfjella er auka med 50 % i høve til i fjor. Det tyder at fjellstyret i år truleg vil få omlag 45 løyve til fordeling. Søkjarar som står på varamannslista frå i fjor vil verta prioriterte. Elles gjeld framleis ordninga med at innanbygds førstegongsjegerar under 20 år er sikra å få tildelt fellingsløyve. Trekninga skjer i junimøtet til fjellstyret. Kort tid etter dette møtet vert listene lagde ut på fjellstyret si heimeside.
Nytt i år er at fjellstyret har vedteke å tilby dagskort for reinsjakt. 5 fellingsløyve for bukk vert sette av til dette, med jaktstart 1. august. Interesserte kan senda eigen søknad på dagskort. I søknaden må det opplysast kva tidsrom ein ynskjer å disponera løyvet. Sjå vedtak i sak 18/19 - Innføring av prøveordning med dagskort for villreinjakt.