Ny driftsplan for Nordfjella sone 2
Nye berekningar av kor lang tid det vil kunna ta å friskmelda villreinstamma
Fjellstyrekontoret har teke på seg arbeidet med å laga ein driftsplan for villreinstamma i Nordfjella sone 2 for 2019-23, områda som her i Aurland til vanleg vert kalla Vestfjelli. Det er villreinutvalet som har ansvaret for driftsplanarbeidet. I samband med dette, har me fått dei siste berekningane frå Veterinærinstituttet for kor mange prøver som må analyserast, fordeling på simler og bukkar, og kor lang tid det vil kunna ta å kunna slå fast med 99 % sannsyn at stamma er fri for CWD. Berekninga er noko meir optimistisk enn det ein tidlegare har fått inntrykk av. Les meir