Jakt på raudrev og smårovvilt
No framover er beste tida for jakt på raudrev og anna smårovvilt, som mår og røyskatt. For raudrev varer jakttida fram til 15. april, for mår og røyskatt til 15. mars. Mink har jakttid heile året. Ein felt raudrev i Aurland gjev ein skotpremie på kr 500 frå kommunen, i tillegg til kr 300 frå Aurland Sau og Geit. For kontroll av labbar av felt rev – kontakt fjelloppsyn Knut Fredrik Øi, mob. 930 59 637. Han kan og kontaktast om trafikkdrept vilt til åteplassar.
For å jakta, må du vera registrert i jegerregisteret og ha betalt jegeravgifta.
For statsallmenningen har fjellstyret innført eit eige sesongkort for jakt på smårovvilt, som i tillegg til raudrev omfattar mink, mår, røyskatt, ramn og kråke. Dette kostar kr 100, og kan kjøpast ved å kontakta fjellstyrekontoret. Tilbodet går både til innan- og utanbygdsbuande jegerar.