Godt år for stongfiske i fjellet, moderat garnfiske

Fiskestatistikken for sesongen 2018 syner at det i tal fisk vart teke like mykje på stong som på garn i statsallmenningen. Av samla rapportert  fangst på 3883 fiskar vart 2003 tekne på stong eller oter, mot 1880 på garn. Men sidan den garnfanga fisken i gjennomsnitt var litt større enn fisken som vart teken på stong, vart vekta av garnfangsten  noko større enn fangsten på stong og oter  – 787 kg på garn mot 720 kg på sportsreiskap. Garnfanga fisk vog i gjennomsnitt 0,42 kg, medan den som var fiska på stong  i snitt vog 0,36 kg.  Her må det leggjast til at dei som kjøper garnkort for allmenningen er pålagde å levera fangstrapport, medan dette er friviljug for dei som driv med sportsfiske. Så på stong og oter vart det nok teke opp ein god del meir enn det som er med i statistikken.  Det er interessant å sjå at sportsfisket fordeler seg på heile 62 vatn i allmenningen, medan det er fiska med garn i berre 28 vatn.  Størst samla fangst hadde Nyhellermagasinet dette året òg, med 303,6 kg. Svartavatnet følgde rett bak, med 260 kg. Største fisken vart fanga i Tissedalsvatnet og Holmavatnet, 1,2 kg begge stader, fiska på stong. At sportsfisket i Aurlandsfjella i fine somrar som den me hadde i 2018 har eit stort omfang syner godt att i fjellstyrerekneskapen, der fiskekortsalet utgjorde over 100.000 kroner.

Sjå heile fiskestatistikken for 2018

P1010210.JPG
Aurland Fjellstyre