Lammet vart funne ved Flatnosi
Den 5. februar, under ein skitur til Hunabotn og Flatnosi, fann Kjetil og Steinar Tønnessen dette lammet, som har vore sakna sidan sauesanken i haust. Etter litt strev med å finna mobildekning, fekk dei kontakt med eigar av lammet, Sogn jord- og hagebruksskule. Det vart formidla kontakt med Håkon Øydvin i fjelloppsynet, som var i fjellet på anna oppdrag denne dagen, og han kunne hjelpa med transporten. Lammet fekk skyss heim i aluminiumskasse på skutersleden, og var i fin form då det kom heim i sauefjøsen på skulen.