Jaktkorta for rein må leverast no!
Me minner om at dei som enno ikkje har levert inn att fellingsløyve må gjera dette så snart som råd. Det gjeld både brukte og ubrukte kort! Om det er felt dyr på kortet, må opplysning om fellinga leggjast inn på www.hjorteviltregisteret.no, slik at ein får samordna informasjon mellom fellinga og innsendt prøvemateriale. Dette er viktig, med tanke på at Nordfjellaområdet skal få godskrive alle prøver som er innsende frå vårt område. Om nokon har underkjevar av rein hengande, kan desse leverast ved fiskehuset i Fossheim.
@���.V]�