Fjellstyret tek med skuleklassar på fjellfiske

I månadsskiftet august/september fekk 1.-4  klasse frå ABU og Flåm skule vera med fjelloppsynet på garnfiske i Stemmerdalen. Heile 52 ungar i småskulen og 10-12 lærarar fekk vera med til fjells og trekkkja garn. I tillegg var heile 7. klassen med på prøvefiske i Vestredalsvatnet. Dette er ein tradisjon som ein har halde oppe i mange år, og som ein vil halda fram med dei komande åra, gjennom ein partnarskapsavtale som er inngått  mellom skulen og fjellstyret. Skuleborna får vera med å trekkja garn som er utsette kvelden før. Fangsten vert sløgd, og fisken steikt på steinhelle over bål. Dei fleste ungane smakar på, og likar fisken. Dei første åra var fiskebestanden tett ovanfor terskelen i Stemmerdalen. No har tynningsfisket til småskulen hatt effekt, og fisken er flott – opptil 7-8 hekto. For å halde rekrutteringa i vatnet vedlike, får skuleborna vera med å setja ut fiskeyngel, 1-2 fisk på kvar unge. Det tykkjer dei er stas.

Aurland Fjellstyre