Skjøtselsplan for Nordheimsdalen

Fjellstyret vedtok i novembermøtet ein skjøtselsplan for hytter, bruer og kai i Nordheimsdalen, som ligg i Aurland nordre statsallmenning. Fjellstyret forvaltar elg- og hjortejakta, som truleg er det som fører med seg mest aktivitet i verneområda i Nordheimsdalen og Bleia – Storebotnen. Som konsekvens av at hogsten vart forboden då vernet vart innført, minka allmenningsstyret sin motivasjon for å stå for vedlikehald av anlegga knytte til skogsdrifta. Det vart i 2008 inngått ein leigeavtale mellom allmenningsstyret og fjellstyret, som gjev fjellstyret disposisjonsrett over hytter, stall, bruer, kai m.m. mot å stå for vedlikehaldet av desse. Tanken med ein skjøtselsplan er at denne skal liggja til grunn når ymse tiltak skal planleggjast – både tiltak som kan gjerast utan søknad, og tiltak som krev godkjenning frå vernestyresmaktene.

Skjøtselsplan for Nordheimsdalen 2020-24

Aurland Fjellstyre