Jaktstart småvilt 25. september
Kortsalet gjennom Inatur.no startar den 1. september. Fjellstyret har to jakttilbod på Inatur; Småviljakt Aurland statsallmenning og Småviltjakt Myrdalen/Broksfjellet.
Fjellstyret gjorde i møte den 8.6.21 følgjande vedtak om småviltjakta:
Jakttida for jakt på rype og hare i Aurland statsallmenning for jaktåret 2021/2022 vert 25.9. – 23.12. Jakt på hare kan i tillegg føregå i tida 1.1. - 28.2. For andre artar, som rev, ramn, mår, røyskatt m.fl. gjeld jakttidene som er fastsette av staten.
Dagskvoten vert fastsett til 2 ryper per jeger (gjeld for kvar kalenderdato, kan ikkje flytta «ubrukt» kvote frå ein dag til neste, eller mellom jegerar).
Talet på kort som vert lagde ut for sal til utanbygdsbuande jegerar vert sett til 90, fordelt slik:
25 dagskort
25 todagarskort
20 tredagarskort
10 vekekort
10 sesongkort
Derom det vert gjort avtale om sal av kort gjennom turistbedrifter, vert talet på kort selde gjennom Inatur redusert tilsvarande.