Nye fiskekortskilt
Aurland fiskeadministrasjon, med hjelp av fjelloppsynet, er no i gang med å setja opp infoskilt om fiske i dei ulike fiskekortsonene i fjellet. Skilta har deltaljert informasjon om korleis ein løyser fiskekort med SMS eller på nettløysinga til Inatur. Difor vert skilta plasserte på stader der ein har bra mobildekning. Ver obs på at ved SMS-kjøp av fiskekort vert det lagt eit gebyr på omlag 20 kroner til kortprisen! Det er fine tilhøve for fiske i fjellet no framover, og ingen fredingsbestemmelsar som regulerer fjellfisket i Aurland. Vil du ordna med fiskekortet før du reiser til fjells, kan du gå til Aurlandskortet på Inatur.
Fiskekorttavle ved parkeringsplassen i Råsdalane