Kva er grunnen til at reetableringa i Nordfjella dreg ut?
Ein artikkel publisert av Veterinærinstituttet på Hjorteviltportalen den 17. desember, med tittelen Kan tamrein fra Norge gi nye svar om dødelig sykdom? gjev grunnlag for nokre refleksjonar. Saka gjeld flytting av 13 simlekalvar frå Filefjell reinlag til Canada, der dei skal inngå i eit forskingsprosjekt om prionsjukdommen CWD (chronic wasting disease, eller skrantesjuke på norsk). Filefjell reinlag har ein tamreinflokk som nyttar områda rett nordaust for Nordfjella sone 1 – området der over 2000 villrein vart utrydda i 2017-18 grunna funn av CWD-smitte. 7 år har gått utan noko vedtak om reetablering av villrein i området, trass i at lovnaden frå departementet (LMD) før saneringa var reetablering så snart som råd etter ein brakkleggingsperiode på 5 år. Nordfjella villreinområde grensar mot tamreinområdet på ei 2-3 mil lang strekning. Mykje tyder på at denne felles grensa er ei viktig årsak til at reetableringa i Nordfjella dreg ut i tid. Lenger ute i dette innlegget kjem eit forslag til løysing på dette problemet.
Samisk reindrift
«Ved spredning fra Hardangervidda eller Nordfjella vil skrantesjuke også true rein i reindrifta. Et slikt scenario vil få alvorlige konsekvenser for næringen og den samiske kulturen i Norden,» skriv Veterinærinstituttet i artikkelen. Det er 25 mil i luftlinje frå Nordfjella til næraste samiske reindrift. Likevel kan ein få inntrykk av at det ein gjer i Nordfjella er noko som kan skapa uro i samiske reindriftsmiljø. «Ein må for all del ikkje risikera få ei ny Fosen-sak», seier politikarane.
Sosialisering
Den nemnde artikkelen gjev eit hint om kva som er ei hovudårsak til at vedtak om reetablering let venta på seg. Jørn Våge, forskar og CWD-koordinator ved VI, skriv at han oppheldt seg i Filefjell reinlag sitt beiteområde i tre veker for å henta dei rette dyra frå fjellet, saman med lokale krefter frå reinlaget. Dei innfanga kalvane måtte tilvennast fôr, sosialiserast for å bli vane med menneske, vera friske og ha visse genetiske profilar, skriv han vidare. Ikkje berre reinsdyra vert sosialiserte gjennom eit slikt prosjekt. Gjennom fleire år med drøftingar av metode og tidsperspektiv for reetablering har lokal viltforvalting opplevt at tamreininteressene og veterinærmiljøa (Veterinærinstituttet og Mattilsynet) har gjort felles sak mot dei som har arbeidd for å få inn att dyr frå ei frisk, lokal villreinstamme i sone 1. Argumenta deira har vore at ein flokk med utgangspunkt i tamrein lettare vil kunna styrast med gjeting, manipulerast genetisk, og alle dyr kunna prøvetakast så ofte ein måtte ynskja det. Med dei sterke banda dei nemnde veterinærinteressene og tamreinnæringa har oppover i LMD, er det ikkje anna å venta enn at argumenta deira når fram der. Tilrådinga frå den nedsette reetableringsgruppa var derimot at alternativet med bruk av lokal villrein frå sone 2 må ha første prioritet, heilt i tråd med internasjonale prinsipp for «rewilding.» Miljødirektoratet har i si tilråding òg gått inn for dette alternativet. Også Stortinget, gjennom vedtak av Stortingsmeldinga om villrein i juni 2024, har gått inn for rask reetablering av sone 1 i Nordfjella etter dette prinsippet.
Tiltak i reindrifta
Den norske villreinbestanden – den siste i Europa – er no nede på kring 20 000 dyr. Villreinen kom inn på den norske raudlista i 2021. I reindrifta er det over 10 gonger så mykje rein; om lag 215 000 sist vinter, i følgje Landbruksdirektoratet sin statistikk. Det er såleis ingen tvil om kven av dei to som treng det sterkaste vernet, viss ein vert nøydd til å prioritera. Mange titals tamrein frå Filefjell reinlag har kryssa sperregjerdet langs rv. 52 over Hemsedalsfjellet i brakkleggingsperioden, og kome inn i det bandlagde villreinområdet på sørsida. Dei fleste er nok avliva av reinlaget, men dette viser likevel at det med tida vil vera ein reell fare for blanding av dyr frå vill og tam bestand etter at ny villrein har kome inn att i Nordfjella, sjølv med eit sperregjerde langs grensa. Å sjå på løysingar der reinlaget vert pålagt å halda reinen lenger frå grensa mot villreinområdet – oppretting av ei buffersone – må vera nærliggjande. Dette er trass alt snakk om ei næringsdrift med eit fåtal interessentar, som kan gjevast økonomisk kompensasjon for meirarbeid og tapt næringsinntekt. Dette i motsetnad til kva som er tilfelle for villreininteressene, der mange hundre lokale jegerar og naturinteresserte kring Nordfjella, gjennom utryddinga av reinsstamma, mista ein viktig del av livskvaliteten og kulturen sin – utan noko form for kompensasjon.
Erling Nesbø, leiar Aurland fjellstyre
Lars-Egil Furuseth, leiar Hol fjellstyre
Ola Dusegard, leiar Ål fjellstyre
Kenneth Grøthe, leiar Lærdal fjellstyre
Atle Ulgenes, leiar Ulvik fjellstyre
Ane Guro Moen-Aamot, leiar Hemsedal fjellstyre
Det er villrein frå denne flokken i sone 2 fjellstyra ynskjer å nytta som grunnlag for ny bestand i sone 1.
Foto: Aurland fjellstyre/Aron Freyr Gudmundsson